- Vi har har aldri hatt større pågang - kapasiteten er sprengt, fortel ein nøgd hotelldirektør.

Denne sommaren har Stryn Hotel verkeleg fått utnytta kapasiteten sin.

– I juni hadde vi eit belegg på rundt 90 prosent, i juli vil vi oppnå mellom 95 og 97 prosent belegg om trafikken held same nivå, og august ser også ut til å bli bra, seier Ole Kristian Nedberge som driv Stryn Hotel.

Gruppene dominerer

Nedberge kan skryte av å ha hatt mange gode sesongar siste åra.

– Men det er grenser for kor mykje vi kan auke, for vi har ikkje plass til fleire gjestar, seier direktøren.

Dei er stort sett fullbooka med gruppereiser heile sommaren.

– Det er eit veldig trykk, men vi har dessverre avgrensa kapasitet, seier Nedberge. Så fort vi får ei avbestilling blir det kjapt fylt opp igjen.

Han fortel om ein dag dei hadde 27 ledige rom som følgje av ei avbestilling.

– Dei vart selde ut på berre nokre få timar ankomstdagen, seier han.

Fleire faktorar

Nedberge meiner det er ein kombinasjon av fleire faktorar som ligg bak dei positive tala.

– Det er innarbeidd salsjobb gjennom mange år, det handlar om service, også har sjølvsagt valutaen ein del å seie, legg han til.

Den låge kronekursen er gunstig for reiselivet, både når det kjem til utanlandske gjester og nordmenn som ferierer i eige land.

– Også har det nok litt å bety at det tryggare å reise i Norge enn i utlandet no om dagen.

Det er mange som blir skremde av terrorfaren og dermed heller vel å feriere i Norge, seier Nedberge.

Godt samarbeid

Det er ikkje berre Stryn Hotel som opplever gode tider. Som følgje av stor etterspurnad på gruppereiser og charter til Norge er hotella fulle overalt.

– I utgangspunktet konkurrerer vi med dei andre hotella i området på kvalitet og pris for å få gruppene, seier Nedberge.

Men når det blir overbooka har dei eit godt samarbeid seg i mellom.

– Vi ønskjer jo alle å hjelpe gjestene så godt vi kan, seier han. Det er eit veldig godt klima her.

Facing Fjords: - Vi eig to hotell, fortel Nedberge. Det er her og i Lærdal, vi samlar dei under profilen "Facing Fjords". Foto: Ingrid Kvåle Faleide