Laurdag er det klart for den sjuande Gummibåtfestivalen i Stryn.

- Vi satsar på ein glimrande festival i år også, seier Emil Solheim, ein av initiativtakarane til festivalen.

I samarbeid med politiet har arrangøren i år sett nokre nye reglar for tilstellinga.

- Det er påbode med flytevest for å delta på seglinga, fortel Solheim. Det er heller ikkje lov å nyte alkohol i elva eller på grilløya.

I følgje norsk lov er det ikkje lov å nyte alkohol på offentleg stad.

- Det vil i år vere vakter som passar på at dette vert overhelde heile vegen, seier arrangøren.

Dei håpar så mange som mulig dukkar opp, og at folk ikkje let seg stoppe av dei dårlige vêrmeldingane.

- Kjekt blir det uansett! seier Solheim. Alle er velkomne til å møte opp og sjå på, så vel som å delta.

Stryn Gummibåtfestival har vorte ein tradisjon på seinsommaren.

- Det vert sjølvsagt også i år kåring av beste tema for antrekk og gummibåt, seier Solheim.

Det har vore svært høgt nivå dei siste åra, så det er berre å vere kreative!