Den årvisse ompafesten i Stryn er berre få veker unna og ifølge arrangøren går billettsalet unna i rekordfart. Nesten halvparten av billettane til det dugnadsbaserte arrangementet skal alt vere selt.

– Vi har alt selt 1.100 billettar så vi ligg milevis framføre tidlegare år på denne tida, seier Kim Rune Flo, titulert som oktoberfestgeneral.

– Stryningane må ikkje vente

Med ein kapasitet på 2.800 personar vil Flo no oppmode stryningane til å ikkje sitje for lenge på gjerdet.

– Folk frå heile landet kjem til Stryn denne helga, så dei stryningane som vil ta del i oktoberfesten må ikkje vente for lenge, oppmodar Kim Rune.

Gledeleg Oktoberfestgeneral Kim Rune Flo kan konstatere eit formidabelt billettsal til årets oktoberfest så langt. Foto: Roger Oldeide

Folkefest på niande året

Han anslår at heile 10.000 menneske var innom Stryn sentrum under oktoberfesten i fjor. Han trur ikkje det blir færre i år.

– Med både Vinskvetten og Aaslandbros, Oslo Blåseorkester, Gran Prix, Stryn musikklag og fleire lokale ompaband på plass skal det bli landet sin beste oktoberfest, seier Flo. Han legg til at oktoberfesten er blitt ei sterk merkevare for Stryn.

– Oktoberfesten er veldig viktig for bygda og mange utflytta stryningar kjem heim for å ta del i folkefesten. Stryn er kjend for oktoberfesten, seier Flo.

– Godt innarbeidd

Oktoberfestgeneralen fortel at Ping Pong klubben i tradisjon tru har arbeidd med årets oktoberfest sidan januar.

Flo rosar samarbeidet med kommunen og alle involverte som gjer oktoberfesten mogleg.

– Det er mykje arbeid som gjerast i høve denne festivalen og det er mange som skal rettast ei stor takk. Det er tydeleg at veldig mange er glade i oktoberfesten vår og gjer sitt til at den blir til, kvart år, seier Flo.