Sjå bilda av ny E6 frå Frya til Sjoa. Utbetringa av E6 i Gudbrandsdalen er eit prosjekt som vert sett fram til med stor forventning av både transportbransjen og privatbilistar vest om fjella. Når heile strekninga Otta-Ringebu står ferdig i 2020, vil køyretida frå indre Nordfjord til Oslo vere korta ned med ein time.

Nye E6 Frya-Sjoa opnar i desember i år. Over 500 pesrsonar har på det meste vore i sving med bygginga av vegen, og fleire nordfjordingar har jobba på anlegget.