Av 538 søkjarar er Marit Nordheim Otterdal frå Stryn ein av fem finalistar som kjempar om plassen i Spesialitetsmerket sin fagjury.

Vinnaren skal saman med nokre av landets fremste matfolk vurdere kva produkt som kvalifiserer seg som ein spesialitet.

Folkets representant

Marti Nordheim Otterdal (47) konkurrerer om å bli folkets representant i Spesialitetmerkets fagjury, der sansar, evner og kunnskap må takast i bruk for å vurdere Norges beste lokalmat- og drikke, opplyser Matmerk i ei pressemelding.

Finalen går av stabelen på Norges største matfestival, Matstreif i Oslo. Saman med fire andre finalistar blir Nordheim Otterdal testa innan lukt, smak og matkunnskap. – Då eg så konkurransen tenkte eg med ein gong at det hadde vore utruleg kjekt å få vere med i fagjuryen. Lokal mat med god kvalitet og norske mattradisjonar er noko som interesserer meg stort, derfor synest eg det er ekstra stas å få vere med i finalen, seier Marit Nordheim Otterdal.

Imponerte

Marit Nordheim Otterdal har stor lidenskap for mat og er dagleg leiar for Visnes Hotel. Hotellet har vore i drift sidan 1850, og i dag er bygget verna. Sommarresturanten serverer rettar som er laga av mat frå nærområdet, og er basert på norske mattradisjonar. – Eg ønskjer å framheve den gode lokalmaten Norge har å by på, og inspirere andre til å bruke gode produkt i kvardagsmatlaginga, seier Nordheim Otterdal til Matmerk.

– Finalistane er gode kandidatar til å representere folket i fagjuryen. Vi er imponerte over søknadane deira og gler oss til konkurransen brakar laus på Matstreif om to veker, seier adm.dir. Nina Sundqvist i Matmerk.

Mange matinteresserte

Over 15.000 personar testa sine matkunnskapar gjennom Gourmeteret. Berre dei med høgast poengsum fekk mogelegheit til å søke om å bli folkets matrepresentant. I løpet av to veker er godt over 500 søknadar sendt inn.

Spesialitetsmerket sin fagjury

  • Matmerk er ei uavhengig stiftting som som skal bidra til auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon

  • Spesialitetsmerket sin fagjury er ei av Matmerk sine faggrupper

  • Spesialitetsmerket er ei merkeordning som skal vise veg til den unike smaken blant norske matprodukt

Juryen består pr. i dag av:

  • Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland, bonde og tidlegare landbruksminister

  • Harald Osa, prosjektleiar i Bama, tidlegare kokk på kokkelandslaget

  • Halvor Heuch, destillatør og Fagdirektør Brennevin i Arcus

  • Nils H. Geitle, adm.dir. i de Historiske Hotell og Spisesteder

  • Aud Kvalvik, rådgivar mat og landbruk i Innovasjon Norge

  • Britt Kåsin, tidlegare informasjonssjef ved Opplysningskontoret for frukt og grønt

  • Oda Christensen, matfagleg ansvarleg i Matprat og kokk

  • Terje Martinussen, adm.dir. i Norges Sjømatråd

  • Nina Sundqvist, adm.dir. i Matmerk