A1-stjerna var henta til Briksdalen av Bergen Brand, som i samarbeid med Visit Nordfjord arrangerte ein konkurranse. Vinnaren av konkurransen, Lise Jeanett Larsen, var laurdag i Oldedalen der det vart tur til Briksdalsbreen saman med Christian Ingebrigtsen og deretter ein eksklusiv intimkonsert med artisten på Briksdalsbre Fjellstove.

Christian Ingbebrigsen er ute med ny singel, «Minnes en sommer», og er elles kjend for A1-hits som «Caught in the middle» og duetten «In love with an angel» med Maria Arredondo.

<strong>Godt selskap:</strong> Christian Ingebrigtsen saman med Renate Stormark frå Bergen Brand og vinnar av konkurransen, Lise Jeanette Larsen med følgje.