I juli kom William og Jakob til verda. Ein draum gjennom mange år var gått i oppfylling. Helst skulle Cecilie ønska at der stod ein mann ved sidan av henne og såg ned på dei to gutane den sommardagen. Men slik vart det ikkje.

– Mamma har alltid sagt at eg har så mykje kjærleik å gi at eg var nøydd å få meg ungar, seier Cecilie. Det er ein strålande septemberdag og vi er ute og trillar i heimbygda Loen. For ei veke sidan forlet 38-åringen leilegheita i Oslo og flytta inn hos foreldra i Hegglia. Planen er å bli til over nyttår. Her får ho all den støtte og hjelp ho måtte ønske. – Foreldra mine har stilt opp heile vegen. Pappa kom til Oslo og budde hos meg dei første vekene etter fødselen, fortel Cecilie. Å bli mamma for første gong er ein stor overgang i seg sjølv, å bli det for to er endå større - og naturleg nok ekstra stor når ein er åleine om oppgåva.– Dei som er to om ein unge veit ikkje kor lett dei har det, ler ho, og legg til.– Men eg har ønska meg dette så lenge.

Tårefull 35-årsdag

For mammaønsket var ikkje noko som kom plutseleg og intenst. Det har lege der i mange år. Først som ein del av draumen som mange har; finne ein partner, slå seg ned, kanskje gifte seg og så få barn.

– Eg rekna liksom med at eg skulle ha ein kjærast. Eg har jo alltid hatt kjærast sidan eg var 11 år, seier Cecilie.Men eit samlivsbrot for meir enn ti år sidan laga større sår enn ho var klar over. Åra gjekk og brått var ho blitt 35 år -ein alder som ho sjølv hadde gjort til ein viktig milepæl. – Eg hadde sett ei grense på 35 år, at visst eg var singel då, så måtte eg reise til Danmark for å bli mamma, fortel ho. Men sjølv om dette var tankar ho hadde gått med ei tid, var ho ikkje budd på dagen då den kom.– Eg gret og gret på bursdagen. Vi skulle ut nokre jenter og ete middag. Eg var utrøsteleg -kvifor skulle ikkje eg få meg kjærast? Etter kvart kom vi oss på restaurant og det vart ein hyggeleg kveld til slutt, fortel Cecilie.

Dobbelt lykke

På hausten det året starta ho prosessen som skulle vare nesten tre år og koste henne kring 200.000 kroner. Alt av feriepengar og bonusar vart pløygd inn i «mamma-prosjektet».

– Mange tykte at eg burde no unne meg ferietur, men for meg var det ingen fare. Belønninga var så stor. Reise har eg gjort masse av før og det kan eg gjere igjen. Ti turar til Danmark skulle det bli før den assisterte befruktninga endeleg gav resultat. – Eg fann ut i romjula i fjor at eg var gravid. Pappa var SÅ glad og fortalte det til alle han såg. Eg prøvde å seie at ein kunne kanskje vente litt, ler ho.– Og så litt seinare forsvann brått symptoma. Eg fekk ein ekstra ultralyd og var sikker på at eg hadde mista, seier Cecilie. Men bekymringa skulle heldigvis syne seg å vere grunnlaus. I staden fekk ho slått fast at alt stod bra til -hos begge!– Eg fekk jo litt sjokk. Kva visste eg om tvillingar, og om gutar. Men då dei var komne til verda tenkte eg: «stakkars dei som ikkje får gutar, og stakkars dei som ikkje får tvillingar». Alle seier at å få tvillingar er dobbelt lykke -og det er det!

Det vanskelege valet

Å nytte seg av assistert befruktning er ikkje lov i Norge når ein er singel. Kun for sambuarar og gifte. Difor er Danmark løysinga for mange som er i liknande situasjon som Cecilie.

– Eg kan vere med på nokre premiss. Det er greit at det ikkje er ein menneskerett å få ungar, men eg kan ikkje finne at det ikkje er ein menneskerett å gjere sitt beste for eit godt liv. Eg var ulukkeleg utan barn. Kanskje vil nokon seie at det er egoistisk av meg, men er ikkje det ofte egoistisk elles også, spør Cecilie. Ho held fram at ho har i alle fall gått mange rundar og jobba mykje for å ralisere mammadraumen. At der er nokre etiske problemstillingar legg ho heller ikkje skjul på, som at borna veks opp utan å kjenne til opphavet.– Men når ungane blir 18 år har dei rett til å kontakte donor. Han forpliktar seg til eitt møte. Men forhåpentlegvis har eg gjort ein så god jobb at dei har nok med meg, seier ho med eit forsiktig smil.Det å velge donor var eit kapittel for seg sjølv. Time etter time sat ho og saumfarte dei nettbaserte katalogane til Stork-klinikken. Her stod det meste med unntak av namn og bilde. – Skal eg velge ein rørlegger eller ein akademiker? Dette var slikt som stressa meg veldig. For meg kjendes det ikkje viktig kva jobb dei hadde. Det sa jo ingenting om kva person dei var, seier Cecilie. Ho var glad då dei bestemte seg for å ta profilane vekk frå nettet. Etter kvart gjekk ho for tre enkle kriterie;– Han skulle vere høg, ha mørk blondt hår og grå-blå auge. Då var sjansen større for at ungen ville likne mest muleg på meg, seier ho.

Sjefjobb i Bo Bedre

Neste haust, når mammapermisjonen er over, ventar ein spennande men også krevjande jobb tilbake i Oslo. Cecilie er utdanna journalist frå Australia og har gjennom heile yrkeslivet arbeidd i magasin-bransjen. I dag er ho sjefredaktør i det kjende interiørbladet Bo Bedre.

– Eg har vore heldig men også jobba hardt, så det er ikkje berre flaks, slår ho fast. Til liks med mammadraumen var også jobbkarrieren tidleg staka ut.– Eg hugsar første jobbintervjuet, som var med Ellen Arnstad i Henne. Då eg gjekk på skulen sa eg til læraren min at eg skulle bli sjefredaktør i det bladet. Dette fortalde eg i intervjuet. No vart eg ikkje sjefredaktør, men eg fekk jobb der, smiler ho. Sidan då vart det engasjement i fleire av våre mest populære mote- og interiørmagasin før ho enda opp i Bo Bedre for omlag fem år sidan.– Så får vi sjå om der er jobb til meg når eg skal tilbake, seier ho spøkande. Men også med ei alvorleg tilvising til siste statistikken som syner at lesartala held fram å stupe innan dei fleste felt av papirbransjen.

Men eit kanskje større spenningsmoment er å skulle få dagane til å flyte heilt på eiga hand ilag med Jakob og William.

– Å bu i fjerde etasje utan heis blir ei utfordring, seier Cecilie.– Eg har vurdert å flytte og vil nok måtte vurdere det igjen. Men eg bur så bra til med tanke på andre ting. Saknet etter ein å dele foreldrerolla med vil nok også melde seg inn imellom.– Eg skulle gjerne hatt nokon å dele det første smilet med, første gongen dei går, syklar og slike ting. Eg skulle jo frykteleg gjerne hatt ein kjærast, seier ho. – Men eg har no ikkje gitt opp tanken om å finne ein, legg ho til med eit smil.

Cecilie (38) heime i hagen til foreldra. Her med vel to månader gamle Jakob, medan bror William tek ein blund i vogna.2) Trilleturar: Den første veka har Cecilie kunne nyte rolege trilleturar i strålande sol i heimbygda. Her langs elva bak Hotel Loenfjord.3) Bestemt: Cecilie vedgår at ho kan vere ei bestemt dame. Ho har også gjennomført mange av dei planane ho la tidleg i livet. – Å få barn var noko eg hadde ønska meg lenge, seier ho. Å jobbe i blad og magasin var også eit ønske som tidleg vaks fram. I dag er ho sjefredaktør i Bo Bedre.