Rypejakta  er i gang, og fjellstyra har gjennomført sine  takseringar og kan no oppsummere sine  takseringsresultatene basert på årets august- takseringer frå statsallmenningane i Sør-Norge.

– Generelt er det ei bedring frå i 2015, som var eit år med lite fugl. Enkelte fjellstyre slit likevel med låge bestandar, seier Torgeir Lande i Noregs Fjellstyresamband.

25 fjellstyre har no taksert deler av sine rypeterreng og tala er analysert via Hønsefuglportalen, eit nyttig verktøy for dagens småviltforvaltere. Fleire hundre jegerar og fuglehundar ha bidrege i arbeidet med å finna ut kor mye det kan jaktast kommande år, ein stor dugnad til glede for jegerane i alle landet.

Sjølv om om det er ein bedring i år, er det ikkje noko topp-år i vente. Ein bør òg vere varsam med uttaket no når bestanda er i ein oppbyggingsfase.

Torgeir Lande i Noregs Fjellstyresamband minner om at det i mange statsallmenningar òg er mogleg å jakta på andre arter enn ryper. Fleire statsallmenningar har gode bestandar av skogsfugl, hare, rev og ender.

Her er det heller ikkje å mykje rift om korta den første perioden av jakta, så det er gode høve for å kome seg ut i september. Fjellstyra har også hytter som kan nyttast under jakt.

- Vi ynskjer alle jegerar skiten jakt, og gleder oss over ei positiv utvikling i rypebestanden generelt, avsluttar Lande.