– Ein kjende litt ekstra på det i starten. Sjølv om vi konstruerer store bygg der feil kan gi endå større følgjer, er det noko med ei vogn med folk som heng og dinglar oppe i lufta, seier Oddvin Myklebust.

Ingeniøren, busett på Ulvedal, jobbar i eidaverksemda Nordplan og leier bedrifta sitt engasjement i Hoven Loen. Dei har konstruert dei to stasjonane og installasjonane som bind pendelbana saman frå fjord til fjell.

– Mange trur nok at dette i stor grad er ein ferdigpakke frå taubaneleverandøren i Sveits, men det er det altså ikkje, seier Myklebust. Han har teke med lokalavisa på besøk til dei to stasjonane, og forklarar engasjert om arbeidet som ligg bak det vi ser- og ikkje minst kva krefter som er i sving. Det er solide betong- og stålkonstruksjonar som er teke i bruk. Og fundamenta til mastra framme på pynten er forankra med ni fjellanker som går 12 meter ned i fjellet.

– Og bak i stasjonen er det eit heilt rom fyllt med steinmasse som skal skape motvekt, fortel konstruktøren.

Solidt: Fremst på Hoven har Asbjørn Gjerde (t.v.) i HS Bygg leia arbeidet med å lage betongfundament til mastra. –Høgda har ikkje vore noko problem, smiler han. Fundamenta er forankra med ni fjellanker.

Stål frå Stryvo

Sidan det ikkje finst liknande pendelbaneanlegg i Norge måtte dei til Engelberg for å finne referanseprosjekt.

– Men mange av desse var av eldre dato og mykje av dei flotte installasjonane var gøymt vekk, fortel Myklebust. Men ein stasjon bygd i 2009 gav inspirasjon til dei to bygningane i Loen. Her er det lagt vekt på opne rom, mykje glas og stilreint konstruksjonsdesign. Med unntak av stålkonstruksjonane i mastra, og det som direkte er ein del av av sjølve taubana, er alt av stål levert av strynebedrifta Stryvo.

– Dette er ein stor jobb. Vi har levert tilsvarande 30 tonn til toppstasjonen, 25 tonn til fjordstasjonen og med restaurantbygget er vi oppe i 100 tonn, fortel Frode Nedreberg frå Stryvo. I tillegg til stål og betong, er det brukt glas frå Bolseth Glass på Sandane og massivtre frå Luster.

Ope: Det er vektlagt at stasjonane skal gi ut - og innsyn i alle retningar. Her frå fjordstasjonen.

Tidkrevjande prosjekt

Myklebust legg ikkje skjul på at Hoven Loen er eit prestisjeprosjekt for bedrifta.

– Vi trudde vel i utgangspunktet at dette var ein jobb for storleikar som Norconsult eller andre, seier han. Nybrotsarbeid kombinert med motivasjonen for å vise at ein maktar slike prosjekt, har difor resultert i ein enorm arbeidsinnsats frå Nordplan.

God jobb: Myklebust er svært nøgd med betongarbeidet som HS Bygg har utført i stasjonane.

– Vi er svært takksame for at byggherren har valt å nytte seg av lokal kompetanse, og på den måten bidreg til å løfte fram og utvikle spennande arbeidsplassar, seier Myklebust.

– Og det er godt å sjå at det meste går bra og det blir levert eit svært godt handverk frå samtlege entreprenørar.