Men sjølv om professoren ved institutt for kommunikasjon og kultur, ved Handelshøyskolen BI, har problem med å sjå dei store langtidsverknadane av Bieber-besøket, så meiner ho det kan ligge ein positiv effekt i at det var popstjerna sjølv som ba om å besøke nettopp dette området, og at det ikkje var andre som tok initiativet til å reise dit.

– Han har kanskje høyrt at det er ein kul plass å reise til, og dersom Bieber tenkjer det er kult og andre snakkar om det, så kan ein kanskje byggje vidare på det, seier Brønn.

Professor: Peggy Brønn ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI. Foto: Handelhøyskolen BI

– Kven blir påverka av Bieber?

Ho ser likevel utfordringar i å hente ut dei store gevinstane, sidan målgruppa til Bieber og målgruppa til Stryn som reisemål mest truleg er veldig ulik.

– Å identifisere eit klart mål kan synest litt problemastisk her. Kven kan Bieber påverke? Tenårings-jenter? Vil dei vere på jakt etter ein hyggeleg tur til den norske naturen? Har han eventuelt ei gruppe med likesinna han kan påverke, som andre songarar og musikarar? Kanskje, spekulerer professoren.

– Men det betyr at medan Bieber sitt opphald i Stryn gir ein umiddelbar eksponeringseffekt, så vil det vere vanskeleg å realisere nokon gevinst i det lengre løp i det marknadssegmentet som er ønskjeleg for Stryn, konkluderer Brønn.