- Reduksjonen i arbeidsløysa held fram også i september, fortel Frode Henden frå NAV Sogn og Fjordane.

Og aller størst nedgang har Stryn, med 49 prosent lågare arbeidsløysetal enn i same månad i fjor.

- Kva skuldast denne kraftige nedgangen, NAV-leiar i Stryn, Kari Tonning?

- For det første har vi merka at verksemdene i Stryn, og elles i Nordfjord, har blitt mykje flinkare til å sende oppdrag til oss, stillingar som tidlegare ikkje vart utlyste. På denne måten kan vi tilvise arbeidssøkjarar til ledige stillingar som dei elles ikkje hadde funne. Dessutan er vi raskare til å få arbeidsledige ut i tiltak i påvente av at dei skal få seg ordinær jobb.

Ho peikar også på at næringslivet har vist stor positiv vilje til å ta imot folk på ulike former av uprøving i arbeidslivet.

- Også kommunen har blitt veldig flinke på sysselsetjing og tiltak. Så ligg eit godt samarbeid med kommune og næringsliv bak desse gledelege tala, seier Tonning.

Størst i landet

- Med ein reduksjon på 14 prosent er Sogn og Fjordane, saman med Nord-Trøndelag og Telemark, fylka med størst nedgang i landet frå same månad i fjor. Arbeidsløysa utgjer no 872 personar, tilsvarande 1,5 prosent og igjen klart lågast i landet, fortel Frode Henden frå NAV Sogn og Fjordane.

NAV har registert 356 nye stillingar i september, ein auke på 10 prosent frå i fjor. Helse, pleie og omsorg er den klart største gruppa med 120 stillingar. Her seier Henden at det er liten tvil om at særleg kommunane her i fylket har vanskar med å få nok kvalifiserte søkjarar.

Også innan bygg og anlegg og industri har ein mange stillingar ledige med til saman 75 nye i september.

Talet på personar som har vore ledige meir enn 26 veker er redusert frå 247 i september i fjor til 225 no.

– Men denne gruppa utgjer framleis 25 prosent av alle ledige, seier Henden.

KommuneTal ledigeTal i prosent av arbeidsstyrkenEndring frå i fjor talEndring frå i fjor prosent
Vågsøy612,0-14-19
Selje292,0626
Eid461,4-3-6
Hornindal71,1-2-22
Gloppen240,814
Stryn411,0-40-49