Totalt får Stryn kommune 3.765.000 kroner til utbygging av breiband i området Markane-Rand.

Søknaden om tilskot til utbygging av breiband i Oldenområdet vart ikkje innnvilga i denne runden.

Søkte om midlar

Økonomisjef i Stryn kommune, Johnny Hove, opplyser at kommunen søkte om midlar til breibandutbygginga i april.

–Det vart full klaff for vår del, seier Hove som no ser fram til at arbeidet kan starte tidleg neste år.Sogn og Fjordane har lenge vore det fylket med dårlegast dekning av høghastigheitsbreiband, og utbyggingsbehovet i kommunane har vore stort. Drygt 30 millionar kroner har fylket fått i midlar, og av desse pengane er det Stryn kommune som får mest med 3.765.000 kroner. Flora får 3.555.000 kroner og Hyllestad 3.180.000 kroner. Nabokommunane Eid og Gloppen får høvevis 900.000 kroner og 1.379.000 kroner i midlar.

Viktig

Stryn kommune ser det som viktig at dette prosjektet no kjem i gang.

– Utan tilgang til framtidsretta elektronisk kommunikasjon med høg ned- og opplastingshastigheit for alle vil det vere vanskeleg å oppfylle målet i samfunnsdelen i kommuneplanen om vekst i busetnad og næringsutvikling. Dette prosjektet vil vere eit viktig bidrag i tilrettelegginga for å kunne oppfylle kommunen si målsetjing, heiter det mellom anna i søknaden kommunen sende.

Markane-Rand

Utbygginga av breiband vil no skje i området Markane-Sætren-Blakset-Fjelli-Ulvedal-Hopland og Rand, eit område som har lang avstand til telesentral. Utbygginga gjeld både privatpersonar og næringsdrivande i området.

Glede

Endre Håberg, Henning Heimlid og Paul Hatledal er nokre av dei som har jobba for å få lagt til rette for utbygginga, og Håberg er glad for at prosjektet blir ein realitet.

– Vi har hatt mange rundar med Johnny Hove og kommunen, så det var ein glad Hove som ringde meg på måndag og kunne meddele at dei har fått tildelt midlar like stort som omsøkt beløp, seier Håberg.

Fullverdig breibandtilbod

Innbyggjarane i dei bygdene i fylket som no får eit fullverdig breibandtilbod må bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den komande utbygginga.