På ein idrettsrevy i gamle Stryn Samfunnshus på 1980-talet, vart det framført ei «Nærkulturvise» der det meste av «kulturen» hadde negativt fortegn. Her saksar ein litt frå eit vers: «Molin Rouge har sin Can Can og variete, men la franskane sjå kva dei vil sjå i det.Vi misunner dei ikkje, vi har sjølv våre bygg. Atmosfære og finkultur, ver berre trygg! (refreng) Røde Mølle du står likevel, sjølv om kollegaer rundt deg forfell. Monument frå den gryande tid, den gong møblane kom for å bli» - osv, osv..(Men det fekk si skjebne, dette gamle møbelfabrikk-huset og, tilslutt)

Jau, vi hadde, og har sjølv våre bygg, og vi har sjølv våre snevre, lokale verds-områder. Gløym Bel-Air og Las Vegas, gløym Hafjell og Bø Hyttegrend. Plotten på jord, er vår eigen setervoll på Tonningsetra. Denne velsigna vesle perla av gamal seteridyll som vert halden i hevd av dei som forstår at kombinasjonen kultur og rekreasjon ikkje behøver å vere status og millionslott. Her er det sel og fjøsar og enkle, smakfulle hytter som ikkje bryt med den gamle seteridyllen. Her har ein ikkje eingong tilgang på bilveg vinterstid.

Dette er verdiar, som med andre fleire av Stryn sin utflytta elite, har festa seg ved, og søkjer tilbake til sin barndoms grøne setervoll. Nokre av desse hyttene er komne opp i dei seinare dagar. Dette vitnar om at setervollen ikkje er død, tvert om gror den, og gjev liv. Sjølv gamle sel, ned-morkna av tidens tann, er pent plukka ned, sende langvegs til restaurering, og tømra tilbake på si gamle sel-tuft. Miljø- og kulturvern, kallar ein det!

«Der elvane møtes», er eit litterært verdskjend omgrep, og kvar andre stader finn du dei enn her på Tonningsetra. Der heile tre elvar møtest: Storelva ned forbi Bjørnebakkhytta og Bøasetra, Fosselva ned frå Svartevatnet, og elva ned frå Holevatnet, la oss kalle den Holevasselva.Og så tek dei kvarandre i hendene, under brua ved parkeringsplassen, og ynskjer Vika- elva god tur vidare mot havet!Det var også her på Tonningsetra at omgrepet «Kongeterrassen» vart skapt. Der ein ikkje heilt ukjend artikkelforfattar sat og skreiv ned sine framifrå lokalartiklar som gledde oss alle. Som også kunne bli bergteken av naturen som omkransa setra, og av fjella som han lovpriste kjærleg: Gryta, Natakupa/Kragefjellet, Karifjellet, Sølvberget, Gullkoppen og Blånibbene.

Ja, Sølvberget og Gullkoppen! Fasjonable namn som vitnar om status og verdiar.Og bakgrunnen for omgrepet «Kongeterassen»? Jau, det skulle bli eit Norgesmeisterskap på Ullsheim, og det var snakk om at langløypene skulle passere nettopp Tonningsetra, og då var det aktuelt med ei lagleg terrasse om Kongen skulle kome på vitjing.

Midt i denne setervoll-kulturen, ligg ei av desse smakfulle hyttene som er nemnde framom. Og kvar skulle vel ein lokal sportstøy-fabrikant gå med filmfolka sine for å finne bakgrunnsmotiv for ny produktkatalog? Nei, ikkje til Alpelandet, men til naturstein-veggen til denne setervollhytta. I parantes nemnd, sogar bygd og mura av artikkelforfattaren.

Og så sanneleg kjem ikkje Amerikanarane frå «Sønner av Norge», som nett har berga Håkon Håkonson frå Baglarane, i skiløypene vest mot Holsetra, og feirar bragden nettopp her på setervollen på Tonningsetra. Tilbake til gamle trakter, kan ein trygt seie, for det er ikkje mange åra sidan deira landsmenn i store flokkar sat benka på setervollen og skjeia i seg ekte norsk rømegraut, som dei skylja ned med amerikansk Whiskey.

Så kom ikkje her å sei at denne grøne flekken på verdenskartet ikkje er vår internasjonale, lokale navle.

Men miljøet rundt, er meir enn gamle, kjære setervollen. Det særeigne her er at hyttefolka er «oss sjølve», bygdefolk alle saman. Som alle kjenner alle. Og som stoggar opp der ein tilfeldig møtast, og slår av ein god-prat. Kvar annan stad i verda er ein velsigna slik!

karejens