Musikaren Arve Henriksen frå Stryn er ute med ny CD i samarbeid med lyrikaren Kjartan Hatløy. CDen «Eg gjekk ned til denne fjorden» er eit svært vellukka samarbeid, der det musikalske glid stilt inn mellom dei lyriske frasene som fjorden vaskar langs svaberga.

Kjartan Hatløy frå Hyllestader busett Sørbøvåg. Han gjekk i si tid på Eids gymnas, og er utdanna skipsrørleggar. Hatløy er skriv både prosa og lyrikk, men er særleg kjend for sine lyrikksamlingar som Svarte lyn (1999), Riket er vårt, damti damti (2005) og Fjord (2011). I 2012 vart han nominert til Brageprisen. Hatløy vert omtalt som ein poet med evne til å fange omgjevnadane i eit konsentrert språk.. Arve Henriksen er utdanna ved jazzlinja på NTNU i Trondheim. Han har ei lang rekkje plate/CD-utgjevingar bak seg, og har samarbeidd med ei rekkje ulike musikarar/kunstnarar med stor sjangerspennvidde, frå Jon Fosse og Silje Nergaard til Sondre Bratland og Motorpsycho. Som soloutøvar gav han ut sitt første album i 2001 (Sakuteiki). Henriksen har gjennom karriera fått ei rekkje utmerkingar. Mellom anna er han tildelt Buddyprisen, Moers Jazzfestival Artist in residence, Radka Toneff Minnepris og DnB NOR-prisen.På CDen deltek Kjartan Hatløy sjølv med tekstlesing, medan Arve Henriksen spelar trompet og bidreg med stemme og elektronikk. Gjester er

Erlend Apneseth, hardingfele og Anna Maria Friman, stemme.

Fjorden,Eg tek litt av den med meg heim kvar dag. Seinare tek den meg heim til seg.Det er stilt nedi der.Kjartan Hatløy