(NPK-NTB): Skatteetaten har utsett å ta i bruk digital postkasse og seier det er på grunn av tekniske problem. Toppsjefen i Posten meiner dei er illojale og trenerer avgjerda.

Skatteetaten skulle i haust sende skattetrekksmeldinga for 2017 til digital postkasse, men det er utsett.

– Vi opplever at skatteetaten har trenert løysinga. Dette handlar om illojalitet til fatta avgjerder, seier konsernsjefen for Posten Noreg, Tone Wille, til VG.

Kommunikasjonsdirektør Mariken Holter i skatteetaten avviser dette.

– Vi er lojale mot det som er politisk bestemt, men det må vere nødvendig kapasitet og funksjonalitet, seier ho.

Skatteetaten må vite om vedtaka er opna og seier denne løysinga ikkje er på plass.

– Det er integrasjonen mellom dei digitale postkassene og Altinn med omsyn til volum og tilbakemeldingar som er utfordringa, seier Holter.

Wille hevdar på si side at denne funksjonaliteten finst i Digipost og at dei har gjort sin del av jobben.

Ifølgje VG vil digital postkasse koste skatteetaten 10 millionar kroner ekstra i året. (©NPK)