Med atterhald om at arbeidsavtale blir signert, skal trebarnsfaren Rune Hovde (52) frå Ørsta ta til i stillinga frå 1. mars 2017. Det overraska mange at Rune Hovde vart tilsett som rådmann ettersom den tidlegare Ørstaordføraren var den anonyme blant dei 13 søkjarane til stillinga.

– Eg tykkjer Stryn er ei veldig spennande kommune der det skjer veldig mykje. Folk er framoverlente og står framme i skorne. Det er ikkje mange kommunar der eg ville ha søkt ei slik stilling, så eg set stor pris på tilliten dei har vist meg, seier Hovde.

- Stryn appellerar

På spørsmål om kvifor han tykkjer Stryn er så interessant, seier 52-åringen at Stryn har ei spesiell dragning på han.

– Stryn appellerer til meg. Ein får til ting i Stryn. Eg har inntrykk av at stryningane er driftige folk med tæl. Det er noko eg har sans for, seier Hovde som ønskjer å kunne bidra til å utvikle Stryn vidare.

– Eg trur på å marknadsføre det ein er god på, så får ein arbeide med det ein kan bli betre på i det stille, seier Hovde.

Vil bidra til trivsel og samarbeid

– Korleis vil Stryn merke at du har blitt rådmann?

– Hehe. Eg vil vere veldig audmjuk når eg tilnærmar meg Stryn. Eg vil bruke tid på å forstå kva Stryn er flinke til og kor vi bør setje inn krefter på å bli betre. Eg kjem ikkje til Stryn med noko definert programerklæring, understrekar Hovde.

Han har tru på godt samarbeid og å halde ei lett og god stemning. Noko han meiner går hand i hand.

– Eg trur folk er best når dei trivast og eg vil bidra til å skape eit godt samarbeidsklima. Skal ordføraren lukkast, så må rådmannen lukkast. Eg vil jobbe for at dei som arbeider i kommunen skal vere stolte av å jobbe der, seier han.

- Godt humør

– Om du kort skal karakterisere deg sjølv. Kva slags eigenskapar vil du trekkje fram?

– Hmm, eg vil seie eg er etterrettleg og har godt humør. Så vil eg påstå at eg har god arbeidskapasitet. Eg er effektiv når det trengst, seier Hovde som no ser fram til å ta fatt på stillinga, trass i pendling frå Ørsta.

- Eg ser fram til å begynne og kjem til å følge ekstra godt med på det som skjer i Stryn i tida framover, seier han

Kjenner kommunestrukturen

Bemanningsbyrået Mercury Urval har blitt nytta i intervjuprosessen. Stryneordførar Sven Flo er svært nøgd med at eit unisont kommunestyre stilte seg bak Hovde som administrativ leiar for Stryn sin største arbeidsplass.

Nøgd: Høgreordførar Sven Flo får tidlegare Høgreordførar som rådmann.

– Hovde har solid leiarerfaring, både frå det private og det offentlege. Han kjenner godt til kommunestruktur gjennom si erfaring som ordførar i Ørsta. Eg trur vi blir ein god match, seier Flo.

Hovde har vore ordførar for Høgre i Ørsta i perioden 2011 til 2015. Han er i dag leiar for strategi og utvikling i Tussa. Hovde sit framleis i Ørsta kommunestyre, og er leiar for lokallaget til Høgre.

Fungerande rådmann: Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen blir fungerande rådmann frå nyttår.

Sitjande rådmann, Per Kristian Storevik, sit ut året. Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen, blir fungerande rådmann frå nyttår fram til 1. mars.