Samtidig som det er blitt arbeidd for å få dei finansielle brikkene på plass går arbeidet oppe på Hoven for full fart.

Dagleg leiar Richard Grov fortel til Fjordingen at glaskorridoren som knyter fjellstasjonen og restauranten saman, nærmar seg ferdig.

– Veggane av glas er no på plass og i løpet av dei næraste dagane skal vi støype golvet i korridoren, fortel Grov.Korridoren vert mykje meir enn berre ein korridor. Med glasveggar på begge sider vil turisten som akkurat har gått ut av gondolen ta med seg opplevinga av panorama når han eller ho går vidare mot restauranten.

– Stor bruk av glas gjer at den visuelle opplevinga vert heilt spesiell. Korridoren er 36 meter lang, og publikum vil og sjå vidare gjennom restauranten, seier Grov.

800 kvadratmeter

Restauranten har eit innvendig areal på 800 kvadratmeter og skal ha golv med fire ulike nivå.Restaurantbygget vert i følgje Grov tett med isolasjon før jul, slik at entreprenøren kan setje på varme og starte innreiingsarbeid rett over nyttår.

– Når det gjeld toppstasjonen, står det att noko mindre innreiingsarbeid, fortel Grov.Også utandørs er det full fart, blant anna med vatn og avløpssystem.

– Vi byggjer biorenseanlegg på Hoven, og fire digre tankar er no lagt i bakken som del av infrastrukturen innan vatn og avløp, fortel Grov.

– Kva er dei største utfordringane no?

– Det går veldig bra, men det er klart det er utfordrande med tunge betongbilar opp til Hoven vinterstid, på ein veg med 20 prosent stigning. Men Stryn Betong klarer sakene.Nede ved sjøen er hovudentreprenør HS Bygg i ferd med å rigge og klargjere for bygging av fjordbygget. Dette vil reise seg over nyttår, og deretter skal det byggjast bru over fylkesveg 60. Brua skal knyte fjordbygget saman med fjordstasjonen for gondolbana.

Restaurantbygget vert tett og ferdig isolert før jul. Etter nyttår er det klart for å starte innreiingsarbeidet i det 800 kvadratmeter store bygget. Foto: Jarle Grov