Gravemaskinene er i gong på Skjolden ved Tonningsgata, fem minutts gange frå Stryn sentrum. Der skal det byggjast to firemannsbustadar. Kvar leilegheit med eit bruksareal på 82 kvadratmeter. Leilegheitene får alle to, med høve til tre soverom.

Funkis-inspirert To firemannsbustader av denne typen skal byggjast i Skjolden. Foto: Illustrasjon: Norhus

Seks av åtte er ledige per i dag. Etter planen skal bustadane reisast til påske.

– Dei første kan flytte inn alt til jul. Om forholda skulle tilseie det, så skal resten av leilegheitene vere ferdige og innflyttingsklare til sommaren 2018, seier Hovden.

Hovden legg til at i dette prosjektet nyttar dei i stor grad lokal arbeidskraft.

– Pretre leverer takverk og takstolar. Stryntrappa nyttar vi, samt lokale handverkarar, fortel Hovden som vektlegg at som utbyggjar er det å nytte lokal arbeidskraft viktig.

– Ein vil ikkje flytte verdiskapinga bort frå bygdene, seier salssjefen som legg til at leiligheitene skal vere konkurransedyktige på pris. Norhus skal ifølge salssjefen ha fleire komande prosjekt i Stryn. Berre eit par steinkast over vegen frå Skjolden er det planlagt eit nytt prosjekt.

Risebakkane I området til høgre på bildet har Norhus tenkt å byggje mellom 30 til 50 nye leilegheiter. Foto: Roger Oldeide

– Det neste prosjektet vi vil ta fatt på i Stryn er i Risebakkane. Dette er framleis litt opp og fram, men det vil bli mellom 30 og 50 leilegheiter der. At vi startar på dette om eit år er ikkje utenkjeleg, påpeikar Hovden som trur på utbygging i Stryn.

– Erfaringa vår er at Stryn er ein stabil marknad, så vi har tru på desse prosjekta, seier Hovden.

To firemannsbustader av denne typen skal byggjast i Skjolden. Foto: Illustrasjon: Norhus