Inger Marie Svingeset har vore i bygdesagene si teneste i snart 20 år. Frå eit lite kontor i Stryn er ho dagleg leiar i foreininga som representerer kring 250 sagbruk og høvleri.

Svingeset er utdanna skogsingeniør frå Gjøvik og har jobba med skog meir eller mindre heile sitt yrkesaktive liv. Og før det vaks ho praktisk talt opp inn imellom gran- og furutre ved Svingesetvatnet i Markane. Første jobben fekk ho i Skogeigarlaget i 1992. Deretter vart det nokre år hos Fylkesmannen med prosjekt knytt til hogst, planting og kursing, før turen gjekk tilbake til heimkommunen i 1997. Der venta eit engasjement som dagleg leiar i nyetablerte Nordfjord skurlag.

Starta i ti prosent

Ein av dei som var med og tilsette henne i den stillinga, var John Roger Meland.

– Nordfjord skurlag var meir som eit salgslag, eit prosjekt for å auke verdiskapinga i bransjen, fortel Meland. Han driv familieverksemda Meland sag og høvleri, ei bedrift som vart starta av bestefaren på 1940-talet.

Og det er her vi møter Svingeset. For sjølv om skurlaget fekk ei kort historie og vart avvikla etter relativt få år, har dei to halde fram samarbeidet gjennom Norsk Bygdesagforening. Der er Meland medlem, og Svingeset dagleg leiar.

– Eg byrja i ei ti prosent stilling i 1998, meir som ein sekretær. Frå 2002 valde styret å satse på å vidareutvikle foreininga frå interesseorganisasjon til ein bransjeorganisasjon, og tilsette meg i hundre prosent stilling, fortel Svingeset.

Kontaktpunkt

15 år seinare styrer ho framleis foreininga med i overkant 250 medlemmar. 18 av desse er frå vårt fylke, i Stryn er det sagbruka på Meland og Flore i Markane som er medlemmar.

– At vi er eit kontaktpunkt er kanskje den viktigaste funksjonen vi har, seier Svingeset.

John Roger Meland ser også andre fordelar.

– Ein byggjer nettverk opp mot andre medlemmar. Foreininga tilbyr også relevante kurs og Inger Marie fungerer som lobbyist og bidreg til å hause opp det som har med tre å gjere slik at det dryp meir på oss, seier han, og viser til Hoven Loen utbygginga som eit eksempel. Takka vere initiativ og påtrykk frå Svingeset enda ein større leveranse opp hos ei av medlemsbedriftene. – Og den type jobbing trur eg nok det vil blir meir av, slår Svingeset fast.

Tradisjonsbåren kunnskap

Medlemmane i bygdesagforeininga tilhøyrer kategorien små bedrifter, men bidreg samla til ein stor produksjon. Fellesnemnaren for medlemmane, og det som gjere dei levedyktige, er skreddarsaumen, fleksibiliteten og ikkje minst kunnskapen.

– Dette er unike bedrifter med tradisjonsbåren kunnskap - og med unik materialkunnskap. Dei har ei historie å fortelje. Det er kvalitet som blir produsert og det er nisjeprodusentar dei skal vere, seier Svingeset. Meland nemner hyttebyggjaren i Stryn som ein typisk kunde for deira bedrift.

– Då leverer vi alt frå grunn-muren og opp til pipa; reisverk, kledning, panel, lister og tømmersøyler, seier han.

Meland legg heller ikkje skjul på at hytteutbygginga i Stryn har vore viktig. Medan trenden innan husbygging er pressa marginar og meir industriell produksjon, er mange av hyttekundane opptekne av kvalitet og det å få tømmer og treverk fram -i staden for å kle alt inne med ferdig måla bordkledningsplater. Svingeset er optimist med tanke på Meland og dei andre medlemsbedriftene.– Eg trur tida jobbar vår veg med så mykje fokus på kvalitet og miljø. Tre bind mykje CO2 og er veldig miljøvenleg samanlikna med til dømes betong. Eg trur bygdesagene har ei stor framtid, seier ho.

Listig: John Roger fortel at ein gong i året stiller dei inn saga for produksjon av lister. Då køyrer dei intensivt ein kort periode.