16-åringen, som denne veka har trent med Viking i Stavanger, svarar eit kontant ja når Fjordingen spør om det er ei karriere som profesjonell fotballspelar som er målet. Rett nok er det Viking sine nest beste han har trent med sidan måndag, men det å få vise seg fram på eit litt høgare nivå er uansett noko av baktanken med opphaldet.

– Første treningsøkta gjekk fint den, fortel Sander Amble Haugen.

Fleire utanlandsopphald

– Eg har ein agent som har ordna dette opphaldet i Viking, fortel Sander.

No er det ikkje første gongen talentet frå Innvik er ute for å vise fram fotballferdigheitene sine. Allereie før han var fylt 14 år var han første gong på besøk til den nederlandske toppklubben Feyenoord. Sidan har det blitt fire nye opphald på akademiet til klubben som er rekna som ein av dei store i Nederland.

– Eg har ganske god kontakt med dei der nede ja, seier Sander med eit smil. Han har også eit opphald i den engelske Championship-klubben Derby County hausten 2015 bak seg.

Ikkje hastverk

Enn så lenge er han i Stryn, og mottakaren av kulturstipendet i 2015 har ikkje noko umiddelbart hastverk med å flytte på seg. Å fullføre vidaregåande i Stryn ser han på som ikkje utenkeleg, men som han seier:

– Ikkje noko er bestemt enno. At ting kan skje fort i fotballen er han fullstendig klar over. Plutseleg kan det kome eit tilbod, og ei avgjerd må takast raskt.

Smakebit av landslaget

Midtbanespelaren har også fått ein smakebit av landslaget på aldersbestemt nivå.

Hausten 2015 fekk han sin debut for G15-landslaget. Å få prøve seg på 16-årslaget gjekk i vasken då han var mykje skada på våren i fjor. Om det blir nye mulegheiter på G17-nivå i år vil vise seg.

Hardtarbeidande spelar

Trenar for Stryn, Johann Sigurdsson, har mykje godt å seie om Sander:

– Han er ambisiøs, seriøs, hardtarbeidande og ein veldig god førsteforsvarar. Grunnferdigheitene er gode, han har eit godt fotarbeid og eit klokt pasningsspel, seier han.

Sander Amble Haugen blir sett på som eit stort talent, og trenar Johann Sigurdsson (t.v.) karakteriserer Amble Haugen mellom anna som ein ambisiøs og hardtarbeidande spelar med eit klokt pasningsspel. Foto: Stig Høynes
Sander Amble Haugen i aksjon i Hardbagg IL si juleturnering i 2014 som 14-åring. Foto: Stig Høynes