Venstre vil i sit forslag til regionkart ha Oslo åleine omgitt av "gigantregionen" Viken med Buskerud, Akershus og Østfold.

Dette trass i at det berre var Buskerud som sa ja til denne konstellasjonen utan at Oslo var med. Partiet vil også slå saman Telemark og Vestfold, og dei fylka ville ikkje vil slå seg saman utan Buskerud, skriv Kommunal Rapport.

Kommunalpolitisk talsmann og stortingsrepresentant for Venstre i Nord-Trøndelag André Skjelstad presenterte forslaget torsdag.

I alt elleve regionar blir det ifølgje forslaget, der det blir teke omsyn til nokre av vedtaka i fylkestinga.

I nord får Finnmark halde fram åleine, mens Troms og Nordland blir slått saman trass i at dei har slått dette frå seg og heller vil "samarbeide tettare". Trøndelagsfylka er allereie i gang med samanslåing.

Møre og Romsdal har kravd å bli verande åleine, og får bestå.

Hordaland og Sogn og Fjordane har sagt ja til kvarandre, og blir slått saman, men utan Rogaland som ikkje ville vere med.

– Vi vil prøve litt til for å få Rogaland med i vestlandsregionen, men det er ein såpass folketung region at den kan stå åleine, seier Skjelstad.

Agder-fylka slår seg saman, og Hedmark og Oppland blir slått saman mot sin vilje til ein innlandsregion.

Venstre har ein nøkkelrolle i regionspørsmålet på Stortinget. Det var dei som foreslo reforma, og fekk fleirtal for den. Venstre-forslaget er derfor også leiande i forhandlingane med dei andre fleirtalspartia Høgre, Frp og KrF.

(©NPK)