I slutten av august kjem Vidar Lønn-Arnesen til Hornindal saman med komponist, tekstforfattar og orkesterleiar/musikar Philip Kruse. Saman skal dei ha Da Capo-show i Honndalshallen.

Vidar Lønn-Arnesen har dei seinare åra vore ein viktig talsperson for seniorsaken, og etter eige ønskje vil dei to musikarane også besøkje omsorgssentera i Innvik, Stryn og Hornindal med song- og hyggestund. Dette blir lukka arrangement for bebuarane  og brukarane av omsorgssentera.

Arrangementet i Honndalshallen er ope for alle, og her inviterer Vidar Lønn-Arnesen og Phiip Kruse publikum til ein kveld med kjende og kjære songar, viser og slagerar i velkjend Da Capo-stil.

Vidar Lønn-Arnesen har i ei årrekkje stått bak svært populære barne-, ungdoms- og vaksenprogram i radio og fjernsyn. Mange vil ha gode minne frå Norsktoppen og Ti i skuddet, og sjølvsagt også frå dei folkekjære Da Capo-programma på TV.

I 2010 fekk han Kongens fortjenstmedalje for si rolle i norsk kulturliv. Han har også engasjert seg sterkt i Seniorsaken.

– Vi gler oss til eit ”gjensyn live” med to folkekjære artistar, seier Jon Ytrehorn, koordinator for besøket, som er arrangert av Stryn og Hornindal Pensjonistlag og Frivilligsentralane i Stryn og Hornindal.