Denne veka var det oppstartmøte for gruppa som skal arbeide med sentrumsutvikling i Stryn.

- Vi er rimeleg einige og har ei felles forståing for kvar vi skal. Detaljar må kome på plass etter kvart. Det er ein modningsprosess, seier Geirmund Dvergsdal som er ein av sju i arbeidsgruppa.

Åse-Berit Nytun leier arbeidet, i tillegg stiller teknisk sjef Jan Flore frå kommunen. Eksternt har dei henta inn kunstnaren Asbjørn Andresen, sosialantropologen Frode Fodnes Jacobsen, professor ved Arkitekthøgskolen i Bergen Nils Georg Brekke og rådgjevar i fylkeskommunen og sivilarkitekt Mona E. Steinsland.

Arbeidet skal leie fram mot eit anbodsdokument, i første omgang for Per Bolstad plass. Der er planen å starte det fysiske arbeidet på denne tid neste år.