Det er Ester Anny Skrede som starta ei no avslutta underskriftskampanje på nettstaden minsak.no der 144 personar har signert namnet sitt mot etablering av nye næringsområde på Markane. Meir spesifikt er det dei planlagde næringsområda N101, N102 og N103 på Langeset i kommunedelplanen for Langest-Stryn-Storesunde innbyggjarforslaget vil ha ut.

- Det er ikkje ei bærekraftig utvikling å overbelaste område frå Vikaleirane til Langeset med næringsareal. Vi meinar denne planen ikkje ivaretek innbyggjarane sine liv og interesser, folkehelse, naturmangfaldet, kulturminne, jakt- og friluftsliv og at det ikkje er teke nok omsyn til luftforureing som støy, lukt, støv og konsekvensane dette vil få for miljø og samfunn, skriv intiativtakaren Skrede på nettsida der altså 144 personar med signatur har stillt seg bak.

- Trivsel og god helse heng saman og industriområde på allekantar skapar ingen trivsel. Når det gjeld miljømessige forhold har støy, lukt og støv svært negativ innverknad på folkehelsa. Det som hadde vore positivt for folkehelsa, friluftsliv og trafikktryging var å etablere ein universelt utforma gangveg langs fjorden,frå Faleide til Stryn Sentrum. Vi ønskjer at dei planlagde næringsområde på Langeset (N101, N102, N103) skal ut av planen, skriv Skrde og legg til;

- I forhold til E39-traseèn og framtidige kommunegrenser, meinar vi det uansett er for tidleg å ta standpunkt til nye næringsområdei Markane og dette må settast ut, skriv ho.

Formannskapet i Stryn skal handsame saka onsdag der tilrådinga er avvisning.

- Saka kom til kommunen 3. mai, 3 måneder etter fristen for å kome med innspel. Rådmannen kan ikkje sjå at det er noko nye moment i høve det som allereie er spelt inn gjennom tidlegare innspel, skriv rådmannen i si vurdering. Han peikar på at kommunedelplanen vart vedteke av kommunestyret 16. mai.

- Med heimel i kommunelova §39a punkt 3 blir innbyggjarforslaget som er fremja av Ester Anny Skrede avvist, heiter det av tilrådinga formannskapet skal ta stilling til onsdag.

Saka skal vidare til kommunestyret