I eit brev til Stryn kommune skriv lntegrerings- og mangfaldsdirektoratet at norske kommunar har dei siste åra gjort ein formidabel innsats med busetting og kvalifisering av flyktningar.

- Busetting er det første skrittet i integreringsprosessen i kommunen. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) takkar Stryn kommune for innsatsen i dette arbeidet. No ber vi Stryn kommune om å busette 10 flyktningar i 2018. Frist for å svare på oppmodinga er 6. januar 2018, heiter det av brevet.

Prognosane frå IMDi viser at behovet for busetting i 2018 vil vere rundt 4 400 flyktningar, inkludert 150 einslege mindreårige. Årsaka til redusert behov for busetting er at færre søkjer asyl i Noreg. Det betyr at om lag halvparten av kommunane som har busett flyktningar dei siste åra, vert oppmoda om å busette flyktningar i 2018.

Kommunane som vert oppmoda vert beden om å busette langt færre enn tidlegare. Både statleg og kommunal sektor er samd om at det skal takast utgangspunkt i nokre felles kriterium ved vurdering av fordeling av flyktningar for 2018. Desse kriteria inkluderer innbyggartal, sysselsettingsnivå og resultat i introduksjonsprogrammet over tid.

Stryn kommune vedtok å ta imot 25 flykningar i 2018, men blir altså bede om å ta imot 10. Hornindal kommune vedtok å ta imot 7 flyktningar, men blir pr. idag ikkje bede om å ta imot flykningar i 2018.