– Vil vil gjere unna dobbel intervjurunde i slutten av mars. Fire av søkjarane skal til intervju og det er godt kvalifiserte søkjarar, seier personalsjef i Stryn kommune, Torfinn Moen.

Åtte personar har søkt stillinga med tiltredelse 1. august. Fire skal til intervju. Moen legg til at dei har godkjend tre søkjarar si anmoding om å ikkje bli offentleggjort.

Søkjarane er følgande:

Brahmi Tarik (39)

Pernille Solvang (18)

Oddhild Hilde (55) (Pr.d.d fungerande helse- og sosialsjef)

Aud Marie Alsaker (46)

Geir Arne Nordfjord (51)

Blant dei anonyme søkjarane er det to kvinner (48 år og 46 år) og ein mann (35 år)