Fjordingen har motteke dette bildet av ein overfyllt hyttekonteinar på Blakset kun tre dagar etter at den vart tømt. Eirik Karlsen, som eig ein feriebustad ved Blakset kai og som har sendt bildet, stiller spørsmål om kapasiteten er stor nok på søppelkonteinarane som er sett ut.

Hjå Nomil får Fjordingen opplyst at dei no er i ferd med å gjennomføre ei oppgradering av søppelkonteinerar, og at Stryn er ein prioritert kommune. Dagleg leiar i Nomil, Svein-Ottar Sandal, seier at ein dessverre er litt forsinka med dette arbeidet grunna trøbbel frå leverandøren.

- Vi utplasserte ein god del stålkonteinerar i 2015, og tek no resten. I desse dagar får mellom anna Blakset og Fosnes ny løysing. Loen vil også få ny konteinar, men der har vi hatt litt problem med å nytte noverande plassering på grunn av plassmangel. Så snart kommunen har avklart det kjem det også ny løysing der, seier Sandal.

Dei nye stålkonteinerane, som har ein storleik på 4 - 10 m3, har innkastluker på sida. - Den nye løysinga vil auke kapasiteten vesentleg og vil forhåpentlegvis hindre forsøpling, seier Sandal vidare. Han presiserer at det er strengt forbode å legge avfall ved sidan av konteinarane, og på generelt grunnlag oppfordrar han også hytteabonnentar å bruke miljøstasjonane i kommunen.