Det er no duka for ei aldri så lita lansering her på Fjordingen si nettside. Podcasten Fjordingen på Flo skue er klar for nedlasting!

På denne første turen til utkikspunktet Flo skue har journalist Roy Aron Myklebust invitert med Josefine Agathe Hove.

Den snart 25 år gamle frisøren frå Hornindal opplever særs spennande dagar. Til hausten skal ho ta tak i draumen om å bli skodespelar og startar på ein prestisjefull skule i England. Men før ho ein gong er starta på skodespelarutdanninga er ho godt inne i opptak til ein ny dramaserie på NRK! Høyr kva kjente skodespelarar ho skal spele mot, om oppvekst i Jutedalen og om å følge ein draum.

Ny episode kjem kvar fredag i sommar. Du kan også søke podcasten opp på iTunes og abonnere på den. Då vil nye episodar automatisk laste seg ned til din smarttelefon eller PC.

-Podcast er ypparleg å ha på øyre på treningsturen, i bilen eller medan du styrer på kjøkkenet. Sidan intervjua varer mellom 30 og 60 min er det viktig å ha god tid, er oppfordringa frå Roy Aron Myklebust.