Helse Førde har varsla kutt i ambulanseberedskapen både i Stryn og andre stader i fylket i seks veker i løpet av 2018. Ambulansesjefen seier at grunngjevinga er todelt: Skjerpa kompetansekrav og økonomi.

Med den kompetanse dei tilsette ved ambulansetenesta i Stryn har, er det vanskeleg å sjå at kutt i beredskap i seks veker er motivert i anna enn å spare pengar. Det kan uansett ikkje vere slik at kompetansen brått er så dårleg at den ikkje held mål i seks veker. Om årsaka er at Helse Førde skal nytte 2018 til opplæring i forhold til nye kompetansekrav, må det kunne løysast utan at ein av to ambulansar vert parkert i seks veker.

Ambulansesjefen seier til Fjordingen at det ikkje skal gå ut over tryggleiken i Stryn og Nordfjord, dersom dag-ambulansen vert parkert i seks veker. Enkel rekning tilseier at beredskap og tryggleik vert redusert når ein ambulanse vert fjerna. Med den kompetanse og det utstyr som finst i ambulansane i dag samt avstand til akuttsjukehus for mange, er ambulansane ein svært viktig del av folk sin tryggleik anten det handlar om akutt sjukdom eller ulukker. Det er styret i Helse Førde sitt ansvar å sørge for tilstrekkeleg økonomi til å halde ambulansetilbodet på eit godt nivå. Det ansvaret må ein forvente at styret følgjer opp.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør