Å utsetje bygging av den regulerte gang- og sykkelvegen langs fv 60 Ytre-Indre Skarstein er i klar motstrid til Sogn og Fjordane sin eigen handlingsplan for trafikktrygging, vedteken i 2014, skriv Svein Sunde, dagleg leiar for Gode Vegar AS, i eit brev til fylkeskommunen. Der ber han om at fylkeskommunen og vegvesenet skal sørge for at gang- og sykkelvegen vert bygd og opna saman med resten av anlegget Ugla-Skarstein.

Handlingsplan for trafikktrygging

I reguleringsplanen for fv 60 Ugla-Skarstein vart det vedteke å bandlegge areal for gang- og sykkelveg på siste strekinga inn mot Olden sentrum. Gangvegen vart også regulert til å vere felles for tilkomst til fleire landbrukseigedomar.

Fylkestinget vedtok i desember 2013 å fullføre fv 60 Olden-Innvik. Men i fylkestinget i april 2015 vart  det vedteke at fv 60 skal byggast med vegbredde 7,5 m som regulert, men at det ikkje skal byggast ny gang- og sykkelveg på den regulerte strekninga no.

I eit brev til fylkeskommunen oppmodar Svein Sunde i selskapet Gode Vegar AS om at fylkeskommunen og vegvesenet medverkar til at denne gang- og sykkelvegstrekninga vert bygd og opna samstundes med resten av anlegget.

- Stortinget har vedteke ein visjon om null drepne og null hardt skadde i trafikken. Dette er også ein visjon Sogn og Fjordane fylkeskommune opplyser å arbeide etter som rettesnor, påpeikar Sunde. Han held fram:

- Gjennom handlingsplanen for trafikktrygging 2014-17, som fylkestinget vedtok i FT-sak 44/13, er det slått fast at trafikktrygging er ein viktig del av folkehelsearbeidet til fylkeskommunen, med fokus på førebygging av skader og ulukker. Å utsetje bygging av den regulerte gang- og sykkelvegen langs fv 60 Ytre-Indre Skarstein er i klar motstrid til denne planen.

Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar AS. Foto: Inge Fænn

Skuleveg

Strekninga Ytre-Indre Skarstein er definert som skuleveg med under 4 km til Olden barne- og ungdomsskule. I tillegg har denne strekninga potensial for fleire hundre fotgjengarar og gjester til når det er cruiseanløp i Olden, påpeikar Sunde, som viser til Statens vegvesen sin handbok der det m.a. står at "det bør bygges gang- og sykkelveg når potensialet for gående og syklende overstiger 50 i døgnet eller strekningen er definert som skoleveg", og at dersom det finst eit høveleg lokalt vegnett, kan gåande og syklande henvisast til dette.

Dersom det er vanskeleg å få til eigen gang- og sykkelveg er alternativet i følgje handboka å utvide vegskulder med 1,5 m på begge sider, men det blir samstundes understreka at denne løysinga ikkje bør brukast på strekning definert som skuleveg.

- Bryt forskrifta

- Der er ikkje eit lokalt vegnett ein kan vise mjuke trafikantar til, og fv 60 på denne 1.270 m lange strekninga må i tilfelle byggjast 1,5 m breiar enn det som ligg i konkurransegrunnlaget, skriv Sunde i brevet til fylkeskommunen.

- Definisjonen "bør" er på side 10 i handboka oppgitt til å vere eit krav, skriv Sunde, og viser til at dette vert utdjupa slik i handboka: "Kravene fravikes av Regionvegkontoret. Søknad om fravik skal begrunnes, og Vegdirektoratet skal ha medling med mulighet til å gå mot dispensasjonen innen 3 uker".

- Som forskrift/Handbok N100 viser, meiner vi at vegeigar bryt denne forskrifta ved ikkje å bygge gang- og sykkelvegen no, då vi ikkje kan sjå at det er søkt/handsama sak om fråvik. Ein kan heller ikkje sjå at det er søkt dispensasjon frå reguleringsplanen. Ein vil med dette oppmode sogn og Fjordane fylkeskommune som vegeigar og Statens vegvesen Region vest som fagmynde om å medverke til at denne gang- og sykkelvegstrekninga vert bygd og opna samtidig med resten av anlegget fv 60 Ugla-Skarstein i 2018, skriv Sunde, som avsluttar brevet med:

- Ei utsett gjennomføring av denne delen i vedteken reguleringsplan må etter vårt syn verte å påføre vegeigar/det offentlege store ekstrautgifter, samt ei unødig belastning for muke trafikantar og skuleelevar som ikkje har rett på kommunal eller fylkeskommuna skyss.