Fleire politikarar har uttalt sterke ønskje om at Møre og Romsdal må bli med på laget. Enten som ein del av Vestlandsregionen, eller, som nokre ønskjer, saman med Sogn og Fjordane. Eller deler av sistnemnde.

Men i følgje fylkesrådmannen har Møre og Romsdal ingen planar om å ta opp igjen forhandlingar om samanslåing med andre.

– Vi har hatt sonderingar i to møte. Eitt med Trøndelags-fylka, som sa at dei har nok med seg sjølve. Så det vart avslutta, ingen grunn til vidare forhandlingar der. Vi har også hatt møte med Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane sa at dei har eit mål om ein Vestlandsregion. Det var uaktuelt for oss. I tillegg har fylkestinget i Møre og Romsdal sagt at ein har som mål å vere eige fylke også i framtida. Så slik er situasjonen, seier fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik, til Fjordingen.

–Finst det ein plan B, dersom Møre og Romsdal ikkje får halde fram åleine? Til dømes å ta opp tråden med Sogn og Fjordane?

– Nei. Fylkestinget har sagt at vi skal stå åleine. Det blir såleis ikkje teke opp nokon forhandlingar med andre.