Endå eit skilt med Hornindal kommune er skrudd ned og fjerna. Fredag morgon oppdaga vegfarande at skiltet langs rv 15, på kommunegrensa i Markane, var skrudd ned. Det skjedde om lag ein månad etter at tilsvarande skilt vart fjerna på fv 60 i indre Hornindal.

- Statens vegvesen er formell eigar av skilta og vi ser alvorleg på tjuveri av skilt langs vegane, seier Lars Karlsen. Statens vegvesen vurderer å melde tjuveria til politiet.

- Skiltet som vart fjerna ved fylkesgrensa er ikkje komen til rette. Vi vil sjekke om skiltet i Markane ligg i nærleiken. Viss ikkje må vi bestille nye. Slike skilt kostar om lag 4-5.000 kroner pluss arbeid med montering, opplyser Karlsen.

Som ikkje ser vekk frå at skilt-tjuveria kjem som følge av kommunedebatten.

- Den debatten har ikkje Statens vegvesen tenkt å blande seg inn i, seier Karlsen.

Ordføraren i Hornindal, Stig Olav Lødemel, viser til at skilta er vegvesenet sin eigedom.

- Når det er sagt, er det i alles interesse med korrekte skilt langs vegane. Hornindal er eiga kommune til 2020. Inntil då må skilta få stå. Ingen veit i dag korleis kommune- og regionkartet vil sjå ut i 2020, seier Lødemel.