Under formannskapsmøtet førre veke orienterte Sven Flo om frustrasjonen som er knytt til manglande utvikling i Arena Stryn-prosjektet.

– Eg kan seie at frustrasjonsnivået er oppunder taket i idrettslaget. Årsaka er at administrasjonen har kome med innspel om at faglege vurderingar tilseier at det å blande idrett og leilegheiter er ei dårleg løysing, innleia Flo.

"kollisjon" Stryneordførar Sven Flo er glad for at saka skal til politisk handsaming etter "kollisjon" mellom Arena-prosjektet og administrasjonen sine vurderingar. Foto: Roger Oldeide

– Full kollisjon

Flo la til grunn at Arenaprosjektet har søkt prosjektmidlar til fylkeskommunen som på si side vil ta stilling til dette i år.

– Signala frå departement til krins er positive. Samstundes har vi sett av fem millionar kroner i budsjettet til dette prosjektet. Fleire sit å ventar på framdrift, mellom andre Gym Stryn, sa Flo.

Ordføraren beskriv situasjonen mellom prosjektet og administrasjonen i kommunen som ein kollisjon.

– Difor er det viktig å få lufta dette no, sa Flo som spelte ballen vidare til kommunalsjef Jan Flore for ei utgreiing om kvifor utviklinga har stoppa opp.

Støy og lysforureining

– Dette er ikkje ei enkel sak, for alle er positive til Arena Stryn og det er ingen som motarbeider dette prosjektet, innleia Flore.

Han seier diskusjonstemaet utelukkande er bustadane.

Faglege vurderingar Kommunalsjef Jan Bakke Flore orienterte Stryn formannskap om faglege vurderingar om leilegheiter knytt til Arena Stryn. Foto: Roger Oldeide

– Bustadar er privatiserande og aktivitetane på anlegget utgjer mykje støy og flomlyset skapar lysforureining til bustadane, sa Flore.

Han viste til folkehelseavdelinga og seier at bustadar er ei dårleg løysing i eit slikt prosjekt.

– Dette er og den faglege vurderinga frå administrasjonen. Utvalet får seie ja eller nei til planoppstart og vidare handsaming. Det må og bli rydda opp i fleire gamle avtalar knytt til området, sa Flore.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 1. februar. Tilrådinga frå rådmanne er følgande;

- Det vert ikkje tilrådd reguleringsendring/omregulering til bustader i 2. og 3. etasje i Arena Stryn – bygget.