Nord/sør-delen av utstillingshallen er vedtatt riven.

– Det skal meir enn eit nytt tak til for at dette lokalet bli godkjend for hestehald med heilårsbruk. Det er heilårsbruk vi ønska oss, seier Linda Alsaker og Britt Fredlund i Indre Nordfjord Fjordhestlag.

Dyreorganisasjonen vil vere klare på kva dei ønskjer seg ettersom det no er kome ei politisk avklaring på ein del av utstillingshallen.

– Vi er ikkje imot at nord/sør- delen blir riven, men skal gamledelen bestå så må den bli skikkeleg pussa opp. Bygget er falleferdig, seier dei.

– Må vere ein framtidsretta plan

I det relativt ferske vedtaket står det mellom anna;

Utstillingshallen Den næraste delen er vedtatt riven.

– Den eldste delen av utstillingshallen skal haldast ved like ved at m.a. taket skal skiftast og andre utbetringar gjennomførast slik at bygget framstår som intakt, heiter det i eit punkt av vedtaket som føreset at dyreorganisasjonane bidreg økonomisk med oppgraderinga.

– Føresetnaden er at dei involverte organisasjonane dekkjer kommunen sine kostnader til drift. Avtalen som skal inngåast etter pkt. 5 skal vere tidsavgrensa og godkjennast av formannskapet.

– Dersom det ikkje lukkast å kome fram til ein omforeint avtale med dyreorganisasjonane, skal rivingsspørsmålet av også denne delen vurderast på nytt av formannskapet, står det i vedtaket.

– Viser liten vilje til satsing

– Vi synest vedtaket er uklart og viser liten kommunal vilje til å satse på noko det er stor interesse for. Det er meir interesse for hest enn kva mange kanskje trur, seier Fredlund. Ho peikar på at dei fleste kommunesenter har gode aktivitetstilbod knytt til hest.

– Andre har innandørs ridebane, mens Stryn har eit falleferdig skur. Vi kjem som regel i andre rekkje etter kva idrettslaget ønskjer seg. Vi er lei av at våre interesser skal bli skvisa ut, seier dei to representantane. Dei vil på førehand vere klar på kva dei ønskjer seg;

– Vi ønska eit skikkeleg tilbod knytt til dette sentrumsnære området, fastslår dei.