KrF-leiar Knut Arild Hareide og heile resten av partileiinga er på vestlandsturne og besøkte i dag Stryn. Der var det orientering om Visit Nordfjord, trendar og utvikling i cruisetrafikken og kommunen sitt arbeid i høve til klima og miljø.

Varaordførar Torstein Tvinnereim (V) slapp i sluttminutta til og snakka om rv 15 Strynefjellet og landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule. KrF-toppane lova å ta med seg rv 15 vidare og å lese Transportøkonomisk institutt sin rapport, som vart lagt fram i går.

Når det gjaldt landslinja i skiskyting, som Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt om, var Hareide og følgjet mykje tydelegare:

- Du kan helse og seie at KrF er i boks når det gjeld landslinja! sa Knut Arild Hareide til varaordføraren.

Både Hareide og 1. nestleiar Olaug Bullestad stadfesta utsegna i etterkant av møtet

- Ja, vi kjem til å støtte landslinje i skiskyting i Stryn og prioritere denne inn i forhandlingane om statsbudsjettet, stadfesta Bollestad, medan Hareide skapte munter stemning då han fortalde at han berre èin gong har gått mot fylkesleiar Trude Brosvik i full offentlegheit.

Det var då KrF hadde sitt fylkesårsmøte samstundes med at det var VM i skiskyting:

- Trude berre køyrde møtet vidare, medan brørne Bø gjekk inn til gull og bronse. "Skandale" sa eg til NRK etterpå, lo KrF-leiaren, før han vart alvorleg igjen og understreka at Kristeleg Folkeparti vil støtte landslinje i skiskyting i Stryn.

KrF-leiaren nytta høvet til å slå av ein kort prat med Klemet Bø. Med ryggen til står generalsekretær Hilde Frafjord Johnson. Foto: Gunnhild Sindre