Rådmannen i Hornindal lanserer eit nytt og tredje alternativ til kommunegrense mellom Stryn og Hornindal. Dette kjem fram i tilrådinga til kommunepolitikarane.

Det var med bakgrunn i eit innbyggjarinitiativ sommaren 2016 at justering av kommunegrensa mellom Hornindal og Stryn kom på sakskartet. Det er to alternative grensejusteringar som har vore diskutert.

Alternativ ein:

Foreslår at ny grense følgjer fjellkjeda mot nord, frå Gulkoppen til Kjøsahammaren, og noverande grense mellom Eid, Stryn Hornindal mot sør.

Alternativ to:

Foreslår at ny grense blir flytta vest om fire eigedomar på Maurset slik at grenda og vegen til Maurset frå Vest blir samla i Stryn.

– Dersom heile Kjøs grunnkrins går til Stryn kommune vil dette få dramatiske konsekvensar for folketalsutviklinga i kommunen, står det i tilrådinga frå hornindalsrådmannen, som peikar på at dette igjen vil få konsekvensar for dei dei økonomiske råmene.

I saksutgreiinga har ein freista å talfeste inntektstapa dei to alternativa representerer. Ved alternativ ein vil reduserte rammetilskot og lågare skatteinntekter utgjere nær 3,9 mill. Ved alternativ to viser reknestykket reduksjon på ca 740.000 kr.

Fylkesmannen har bede om uttale på dei to førelagde alternativa, men også bede om innspel på andre føremålstenlege løysingar. Rådmannen i Hornindal argumenterer for at det er eit justert alternativ to som vil vere det best tenlege. Det vert lansert tre ulike variantar av dette (sjå bilete). Her ser ein føre seg at grensa går anten ved inste del av Kjøsabotnen (blå strek), ved Øyebakken (raud) eller ved Øyane (svart). Det er dette justerte alternativet som vert lagt fram til politisk behandling i Hornindal.