Hardbagg IL brukar 700.000 kroner på oppgradering av ski- og skiskyttararenaen på Ålandsleite.

Om fjorten dagar skal alt vere klappa og klart.– Etter oppstartsmøtet i sommar er det brukt oppunder 500 dugnadstimar, seier Rolf Magne Hellevang som er dugnadsleiar for prosjektet. Oppgraderinga, som blir finansiert gjennom 1/3 tippemidlar, 1/3 av eigne midlar og 1/3 dugnad, er no inne i sluttfasen.

Oppgradering av anlegget

– Vi har lagt om løypa inn mot standplass, og vi har fått ein betre og finare inngang til stadion. Det blir betre plass på standplass sidan den er dratt lenger fram, samtidig som skyteskivene er flytta lenger bak i bakken, fortel Hellevang. Han seier også at stadion no blir meir publikumsvenleg.

Dugnad

Det meste av gravearbeidet er ferdig, medan det enno står att å montere lyspunkt på standplass og ved skyteskivene.

–Dugnadsinnsatsen har vore veldig god, og vi har mange flinke og dyktige handverkarar som har bidrege. Mykje av arbeidet har gått radig, og medlemane i idrettslaget har vore flinke til å stille på der det trengst. Ungdomen har også vore flinke til å bidra, skryt Hellevang.

Nye blinkar

Dei gamle skyteblinkane frå 80-talet er skifta ut med nye.

– Desse var klare for utskifting. Dei stod heller ikkje under tak, så dei var utsett for ver og vind. Dei nye blinkane er sett opp etter same modell som på Ullsheim, og no står dei tørt under tak, seier Hellevang.

Stort løft

På dugnad er det demontert og flytta gjerde, hogd tre og utført monteringsarbeid. Paul Skrede har stått for grunnarbeid, og elevar ved Stryn vidaregåande skule har utført støypearbeid.

–Dette er eit enormt løft for idrettslaget, seier Rolf Magne Hellevang. Han ser fram til at anlegget kan takast i bruk:

–I midten av januar er det kretsrenn i skiskyting her, det gler vi oss til.