Eit samrøystes helse- og sosialutval avslo Isehaug Kafeteria AS v/Jens Isehaug sin søknad om utviding av skjenketid frå 01.00 til 02.00 i romjula; 26., 27. og 28. desember 2017.

Utvalet meinte m.a. at dette ville føre til ei konkurransevriding for dei andre skjenkestadane som ikkje har søkt om utvida skjenketid i dette tidsrommet.