Ordførar Sven Flo i Stryn står på lista som nominasjonsnemnda i Høgre har sendt ut over aktuelle kandidatar til komande stortingsval.  Men ved Sven Flo sitt namn står det ein merknad: "Ikkje som motkandidat mot Bjørn Lødemel".

- Eg har svart ja på spørsmålet frå nominasjonsnemnda om eg kunne stille til stortingslista, men ein føresetnad for meg er at eg ikkje skal vere ein motkandidat til Bjørn Lødemel. Bjørn var tidleg ute og sa at han ønskjer å vere kandidat dei neste fire åra. Han har erfaring han har bygd opp over to periodar, og han bur og virkar i vårt nærområde, og då er det mi vurdering at så lenge han står på lista vil eg ikkje vere utfordrar til han, seier Sven Flo til Fjordingen.

- Og om han av ulike årsaker ikkje skulle vere aktuell som toppkandidat, til dømes dersom det kjem nye moment inn i høve til regionreforma?

- Då får vi sjå på det. Eg er uansett ærbødig i høve til å vere spurt om å stå på lista, seier Sven Flo.

I tillegg til Flo og Lødemel har mellom anna desse personane (alfabetisk) sagt ja til å stille seg til rådvelde for nominasjonsnemnda:

Hagen, Morten A. – Vågsøy - gruppeleiar

Hollevik, Bjørn – Flora – 1. vararepr. til Stortinget

Aarskog, Eli R. Førde – Eid - varaordførar

Lokallaga har no frist til fredag 30. september med å velje utsendingar til nominasjonsmøtet og sende inn sine uttaler. Fylkesnominasjonsmøtet er 29. oktober.