Gründerane av Moods of Norway inviterte 7.000 av sine næraste venner til bursdagskalas i Oslo spektrum i går kveld. I år er det ti år sidan «Moods» vart etablert.

- Kvelden har vore over all forventning, alt gjekk etter planen. Det kjendes ut som om vi gjekk opp til eksamen, og eg gir oss ein seksar, seier ein nøgd Simen Staalnacke etter showet.

Gutane frå Moods of Norway serverte publikum eit fargesprakande arrangement. Dei blanda urbant storbyliv med innslag frå fagre Stryn.

Trommeslagaren Matt Sorom i bandet Guns N´Roses laga rockeaften saman med gullgutane frå Stryn. Madcon gira publikum opp.

«Best show I have ever seen» slår Sorom fast.

Frå venstre: Stefan Dahlquist, Matt Sorom i Guns N´ Roses og Simen Staalnacke. «Best show I have ever seen», seier Sorom.  (Foto: Olga Marie Brathaug)
Yosef Wolde-Mariam og Tshawe Baqwa i Madcon song og laga god stemning under showet. (Foto: Olga Marie Brathaug)