Arbeidet til Stryn kommune med kulturminneplan, bygd på Mitt Kulturminne, får både skryt og kritikk.

Det kom fram då skule- og kulturutvalet handsama kulturminneplanen sist veke.

Bygdefolk og fylkeskommunen har skrytt av jobben som er lagt ned. Fortidsminneforeininga meiner derimot at kommunen har vist ei særs svak sakshandsaming på den faglege delen av planen. Stiftinga Innvik Gamle Ullvarefabrikk er og skeptisk til måten å drive kulturminnefagleg planlegging på.

Politikarane einige

Politikarane var heilt einige om å støtte planen som er laga. Dei vedtok kommunedelplan for kulturminne med handlingsprogram og plankart.

– Vi var veldig stolte over planen sist gong den var oppe. Vi får gode ord frå fylket. At ting har teke tid, veit eg ikkje om vi kunne gjort noko meir med, sa utvalsleiar Sonja Øvre- Flo (H). Saka skal vidare til både formannskap onsdag og kommunestyre tysdag, før han blir endeleg vedteken.

Begeistring og «øyrefik»

Miljøvernleiar Odd Rønningen orienterte om arbeidet med kulturminneplanen på vegner av arbeidsgruppa. Han var overraska over berre seks høyringsuttaler, samanlikna med stort engasjement i starten. Det kan ha samanheng med at planarbeidet drog ut i tid. Både bygdefolk og fylkeskommunen har vore positive til arbeidet.

– Medan fylkeskommunen er overbegeistra for jobben, fekk vi ein «øyrefik» frå Fortidsminneforeininga for blant anna mangel på kompetanse, sa Odd Rønningen.

Ville valt same metode

– Ingen av oss som har jobba med planen kan vifte med særleg spisskompetanse. Arbeidsgruppa følte at å satse på Mitt Kulturminne var rett val. Vi vil halde fram med same metode neste gong det er regulering av planen. Det viktigaste er engasjement og at Mitt kulturminne betyr noko for nokon, sa han.

– Forundra over kritikk

Anita Flo er leiar i Stryn Historielag og har vore sentral i arbeidsgruppa.

– Eg er litt forundra over innspelet frå Fortidsminneforeininga. Arbeidsnivået deira ligg på eit litt anna nivå enn vårt. Korleis få til det ute i kommunane som Stryn og andre? Det er forståeleg, men dette var einaste vegen vi kunne gå, og vi var fornøgde med det, seier Anita Flo.