Bonden og trebornsmora Anne-Lise Hatledal busett i Hornindal er frustert over at folket i heimkommuna ikkje har fått sagt meininga si når det gjeld kommunesamanslåing. Difor har ho no oppretta ei facebook-gruppe under parolen "Vi som krev folkerøysting om framtida til Hornindal kommune". Gruppa vart oppretta så seint som i dag onsdag og har i skrivande stund snaut 100 medlem. Hatledal har skrive følgande ledetekst;

- I eit så viktig spørsmål som om kva slags kommune Hornindal skal slå seg i lag med i framtida, meinar eg det er eit krav at Hornindal Kommune skal ha ei folkerøysting! Det er framtida vår vi no skal avgjere, og det er ei sak som er for viktig til at den skal bli avgjort av eit knapt fleirtal i Hornindal kommunestyre!

Dårlig tid

- Kommuneleiinga i Hornindal tek valet mellom Stryn og Volda imorgon torsdag. Er de ikkje litt seint ute?

- Det skulle vore mobilisert ei folkerøyst i Hornindal for lenge sidan, men no er det mykje som tyder på at Hornindal blir slått saman med Volda. Det er mykje frustrasjon i Hornindal no. Etter det eg høyrer så vil folk i Hornindal slå seg saman med Stryn, ikkje Volda, seier Hatledal.

Ho peikar på at det er nettopp folket si manglande røyst som er problemet.

- Ein måte å seie ifrå

- I eit så viktig spørsmål som handlar om vår framtid så har kommuneleiinga gått over hovudet på oss som bur her, seier Hatledal.

Ho kan no berre oppmode dei som ikkje ønskjer seg samanslått med Volda om å melde seg på denne gruppa.

- Folket må få seie meininga si i dette spørsmålet og dette er ein måte å seie i frå. Det kan vere med å gjere ein forskjell, seier Hatledal til Fjordingen.