Fredag 23. og laurdag 24. juni neste år blir det live underhaldning midt i Stryn sentrum. Då er det nemleg klart for den første utgåva av Stryn midtsommarrock.

Det er Kristian Hool Egge som er opphavsmann til ideen om midtsommarrocken.

– Eg har i mange år hatt ein draum om å arrangere ein stor utekonsert midt i Stryn sentrum. Dette blir som ein kickstart på sommaren i Stryn seier Hool Egge som tidlegare dreiv uteplassen Base Camp.

Utelivsbransjen

Då han lanserte ideen om midtsommarrock for Adrian Lefdal og Jens Isehaug var dei ikkje vanskelege å få med. Saman har dei alt starta planlegginga av arrangementet.

– Vi satsar på å ha live underhaldning både fredagen og laurdagen. Fredag blir som eit lite vorspiel å rekne før utekonserten laurdag. Og det er ikkje kven som helst som kjem til Stryn denne helga.

Return

– Eit av dei store norske rockebanda på slutten av 80-talet og starten av 90-talet, Return, er allereie booka kan Kristian Hool Egge fortelje.

I tillegg er det klart at banda Kokken Tor og Loveshack kjem til Stryn. Begge banda har tidlegare spelt på oktoberfesten.

Per Bolstad plass

Søknad om arrangementet er allereie sendt til kommunen, og arrangøren håpar på velvilje om å få bruke Per Bolstad plass som konsertarena.

– Vi håpar plassen blir sett skikkeleg i stand til denne konserten, seier arrangørane. Sjølve scena er tenkt å vere framfor heradsheim.

– De er ikkje redde for at det blir for mange store arrangement i Stryn etter kvart?

– Stryn har eit godt rykte på seg for å få ting til, så det er vi ikkje redde for. Når noko skjer i Stryn så veit folk at det blir bra, seier Jens Isehaug.

– Skjer det noko kjekt så går folk ut og støttar slike tiltak, supplerer Adrian Lefdal.

Reknar med mykje folk

Arrangøren reknar med mykje folk denne helga, og dei håpar dei kan vere med å skape eit årvisst arrangement.