Det er Per Hatledal som er hovudentreprenør for prosjektet som er kostnadsberekna til mellom 14 og 15 millionar kroner.

Betre kapasitet

Røyrgata som har vore i drift sidan 1920 og som ligg i dagen, skal skiftast ut med ei ny røyrgate med større kapasitet.

– Kapasiteten i dag er for liten, og for mykje av flaumvatnet blir ikkje utnytta fortel energisjef Jan Træen i Stryn Energi. Træen seier vidare at med den nye røyrgata vil kraftproduksjonen auke med nær femti prosent, frå fire GWh til over sju GWh. Røyrgata vil følgje den same traseen som dagens røyrgate ligg i.

Arbeidet i gang

Dei gamle røyra i stål har ein diameter på 50 og 60 centimeter. Dei er aldri skifta ut, men ein er etter kvart blitt redde for at dei skal ruste. Per Hatledal er i gang med arbeidet sitt i området.

– Vi har starta med å felle skog i tillegg til at det skal lagast til ein riggplass. Totalt blir det felt rundt 350 kubikk med tømmer, fortel Hatledal. Den nye røyrgata skal ikkje gå i dagen som den gamle, men ligge to til fire meter ned i bakken. Hatledal seier at det difor blir ein del sprengingsarbeid. Dei nye røyra er i glasfiber, og rundt desse vil det bli lagt singel og knust masse. Hatledal opplyser vidare at i tillegg til etablering av anleggsveg langs røyrgatetraseen så skal tilkomsten ned til sjølve kraftverket rustast opp.

Ferdig i september

Stasjonsmeister ved kraftverket, Paul Andreas Hatledal, seier at heile prosjektet skal vere ferdig til 15. september.

Per Hatledal, som også var hovudentreprenør på Steindøla i 2008, trur at tidsplanen skal halde.

– Eg tek sikte på ein til to månader med sprengingsarbeid no framover. I mai tek eg sikte på å lage til grøfter og anleggsveg, medan juni vil gå med til legging av røyr. Til felling av skog har han med seg Jakob Grøsvik, medan Kåre Bøe vil stå for betongarbeidet.

– Røyrgata vil koste om lag 7 mill. kroner, medan ny turbin, generator med meir vil kome på det same, seier Jan Træen.

Vasstanden i Svingesetvatnet vil bli den same som før. Foto: Per Hatledal
Denne maskina, ein Francis-turbin med ein NEBB generator, har vore i drift sidan 1942. Den vart oppattvikla i 1988. Foto: Paul Andreas Hatledal
Dalane Kraftstasjon Foto: Per Hatledal