Den nye turisthytta på Skåla opna onsdag og skal allereie vere svært godt besøkt. I høve inngangen til haustferien fredag nytta mange personar helga til å gå opp dei 1848 høgdemeterane til toppen av Skåla i strålande fint ver.

- Vi er spent på kor mange som har besøkt Skålabu sidan opninga onsdag, men tal på dette har vi diverre ikkje fått henta inn enno, seier hytte- og ruteansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag, Johnny Bjørge.

Fjordingen kan stadfeste at det natt til søndag var omlag 30 personar som overnatta, tett i tett, i den nye turisthytta som har fått namnet Skålabu. Samtlege av dei 19 sengeplassane og dei 10 ekstra madrassane vart teke i bruk. Også det gamle Skålatårnet vart nytta for å at alle skulle få tak over hovudet natt til søndag.