Moods of Norway har for tredje gong bidrege til kleskolleksjonen til eit OL. Denne gongen til årets sommar-olympiade i Rio. Onsdag vart denne vist fram for pressa.

- Sidan det er til Rio kunne vi dra på litt meir med fargane, noko som passa oss bra, uttalte Simen Staalnacke og Peder Børresen på pressevisninga.

Dei understreka at oppdraget var ærefullt, men også litt annleis enn dei tidlegare OL-kolleksjonane sidan dette skal føregå i varme og eksotiske Brasil.

- Vi har teke utgangspunkt i sommarmønstre, men medan andre tyr til palmar og anna fjas har vi brukt bregner og krokusblomar, smilte Staalnacke.

Dei kunne også fortelje om praktiske løysingar som medaljelomme i jakka, og om oppskrift i skoa for korleis stega i samba-dansen skal vere.

Sportskle-produsenten Phoenix er også leverandør til OL-kolleksjonen.