Hornindalsordføraren set spørsmålsteikn ved habiliteten når Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjer tilråding i justering av det som blir ei fylkesgrense frå 2020. Fylkesmannen svarar at dei har utført eit oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å gje ei tilråding i denne saka.

– Det er dette må vi forholde oss til, seier Fylkesmann Anne Karin Hamre til Fjordingen.

Ho meiner det ikkje er grunn til å dra habiliteten i tvil undervegs i arbeidet.

– Vi har hatt ein open prosess heile vegen og grunnlaget er breitt. Vi hadde møte med begge partar før arbeidet starta og vi bad om uttale i saka frå fylkeskommunen både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, seier Hamre.

Ho forstår at nokre er skuffa, inkludert ordføraren.

– Han har lov å vere skuffa, men tilrådinga står seg. No er det Kommunaldepartementet som skal avgjere dette, seier Hamre.

Stryn kommune seier dei som høyringspart har svart opp henvendelsen frå Fylkesmannen etter beste evne.

– Vi meiner vi har fått fram ei heilskapleg og faktabasert vurdering av grensejusteringa, seier stryneordførar Sven Flo.