I saksutgreiinga si til formannskapet og kommunestyret, tilrår strynerådmannen at heile Kjøs grunnkrins vert flytta over frå Hornindal til Stryn kommune. Rådmannen i Hornindal går sterkt i mot dette og tilrår at eit mindre område vert overført til Stryn, men slik at heile Maurset vert samla i Stryn kommune.

Fylkesmannen har bede begge kommunane om uttale, etter eit innbyggjarinitiativ om grensejustering mellom Stryn og Hornindal. På bordet ligg allereie ei innbyggjarundersøking, der eit knapt fleirtal (52 prosent) blant alle dei spurte, ønskjer å tilhøyre Hornindal kommune.

Innbyggjarinitiativet om grensejustering lanserte to alternativ. Innbyggjarundersøkinga viser slike svar på dei to alternativa:

Av dei som bur i området Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken, meiner 92 prosent at Kjøs grunnkrins bør tilhøyre Stryn kommune. Av dei som bur i dei andre områda i krinsen, vil 62 prosent tilhøyre nye Volda kommune.

Hadde undersøkinga synleggjort eit klart fleirtal blant bebuarane i Kjøs for å gå over til Stryn kommune, ville det vore naturleg at strynerådmannen gjekk inn for ei slik tilråding. Når det ikkje er tilfelle, er det meir enn forståeleg at både ordførar og rådmann i Hornindal reagerer negativt. Å ville forsyne seg av meir land og tal innbyggjarar enn det fleirtalet i området ønskjer, vert ikkje oppfatta som godt naboskap. Skulle Stryn få overført heile Kjøs, vil Hornindal tape fleire millionar kroner årleg i skatt og overføringar. Samtidig vil eit stort tal innbyggjarar få lenger veg til både skule og omsorgssenter.

Rådmannen poengterer at Kjøs som trafikknutepunkt bør liggje i Stryn/Sogn og Fjordane, og ikkje i Møre og Romsdal. Det er vanskeleg å sjå at eit trafikknutepunkt er viktig argument i spørsmålet om grensejustering mellom to kommunar. Det viktige må vere kvalitet og nærleik til det kommunale tenestetilbodet for bebuarane i området.

Politikarane i Stryn bør ikkje overprøve fleirtalet av bebuarane i Kjøs, verken av omsyn til innbyggjarane eller av omsyn til godt naboskap. I staden bør Stryn og Hornindal snakke saman og samle seg om noko dei kan einast om; overføring av Maurset og eventuelt området som høyrer naturleg med.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør