–Vi er fornøgde med avgjersla, det er viktig å prioritere vern av reinstamma. Eg er ikkje overraska over at vi fekk medhald, eg skjønte allereie under synfaringa i mai, at direktoratet mest sannsynleg ville vere einige med oss, seier Antonius Overdeves, frå Sogn og Fjordane turlag.

Prinsippsak

–Vi ser ikkje på det som noko stor sak, men det er eit viktig prinsipp i Det norske turlag, at ein ikkje gjer noko som potensielt kan skade naturen. Derfor valte vi å gå i mot løyvet, og med skrantesjuka i tillegg, er det viktig at denne reinen får gå i fred, seier han.

Vil avgrense trafikken

Ifølge miljøverndirektoratet er det ikkje sjølve hytta som er problemet, men at den bidrar til auka trafikk innover Rauddalen. Det må særeigne grunnar til for å få lov til å byggje i ein nasjonalpark. Direktoratet var einig i klagarane sin påstand om at auka allmenn ferdsel ikkje var ein «særleg grunn», og derfor ikkje oppfylte krava til å få byggje. Dei viser og til «førevar-prinsippet» i Naturmangfaldlova, sidan ein ikkje veit om auka ferdsel vil påverke reinstamma.

Overraska over avgjerda

– Frå vårt ståstad, vil ikkje den auka trafikken som hytta bringe med seg, true villreinen på nokon måte, seier Jan Erik Reiten, leiar for hytte- og rute avdelinga i DNT Oslo og omland.

–Det er ikkje noko anna å gjere, enn å registrere at det er slik det blei, seier han.

Endeleg vedtak

Konklusjonen kan ikkje ankast. Den nyoppretta vandreruta i området blir verande. Norges jeger- og fiskarforbund i Sogn og Fjordane, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Turlag og Forum for natur- og friluftsliv Sogn og Fjordane klaga på løyvet i eit felles brev den 20. november 2016.