Planen var at sentrumsplassen skulle stå ferdig oppgradert innan juni 2018, men Stryn kommune har no valt å utsette prosjektet og avlyse anbodskonkurransen.

Fjordingen har ikkje fått kommentar frå kommunen om innkomne anbod, men kommunen har i eit skriv til naboar og sentrale brukarar av plassen informert om at prosjektet er utsett til etter 23. september, dvs. etter årets Oktoberfest. Årsaka er manglande økonomisk budsjettdekning.

– Anbodskonkurranse er avlyst, men vil bli utlyst på nytt, skriv sakshandsamar og prosjektingeniør i Stryn kommune, Hanne Vangen.

– Per Bolstad plass på overtid

– Det er trasig at ein heller ikkje no kjem i gong med dette prosjektet, seier leiar av Oktoberfesten Kim Rune Flo på vegner av arrangøren som er storforbrukar av Per Bolstad plass.

– Vi har ein god dialog med kommunen og har stor tru på eit godt sluttprodukt. Vi får berre akseptere at prosjektet blir utsett igjen, seier Flo.

Dagleg leiar av Isehaug kafeteria, som ligg i direkte tilknyting til plassen, seier oppgraderinga er langt på overtid.

– Det er veldig beklageleg at dette blir utsett igjen og igjen. Eg kan ikkje forstå at det skal bli billigare å vente til hausten, men dei har i alle fall fått kjøpt seg litt tid. Det er viktig at vi får på plass ein attraktiv sentrumsplass, kommenterer Isehaug.

Vil endre anbodskriterium

Kommunen skriv at alle innkomne anbod er over budsjett. Signala frå tilbydarar er at byggetida er kort, kritisk og fordyrande for prosjektet.

Stryn kommune opplyser om at det snarleg vil bli utlyst ny konkurranse med endra byggetid, noko som bør gjere prosjektet rimelegare, samt at det søkast om utvida budsjettramme, skriv sakshandsamaren.

Planen å heve Per Bolstad-plass til gatenivå med nytt dekke. Murane skal bort for å skape eit topografisk landskap som knyter saman plassen og områda rundt.

Ein ønskjer også ny belysning og nye gangforbindelsar mellom Per Bolstad plass og Petterneset ved Stryneelva.

omdiskutert: Korleis Per Bol- stad plass skal utviklast har vore mykje diskutert. Arkivfoto Foto: Roger Oldeide